Nynorsk sidemål • Norskfaget.no Trinn 1: Oppvarmingsduell

Eigedomsformer og genitiv på nynorsk

Lær å unngå bokmåls-s-genitiv i nynorsk sakprosa: Bruk naturlege preposisjonsuttrykk («til», «i», «på»), samansetjingar og garpegenitiv.

Oppgåve 1 av 20
Rette 0
Kva er den beste nynorske formuleringa?
Laster oppgåve …
Oversyn: Korleis unngå s-genitiv på nynorsk

1. Preposisjonen «til»

Bruk «til» når noko høyrer til ein person eller eigar: «PC-en til læraren», «bilen til faren».

2. Samansette ord

Lag eit samansett substantiv i staden for genitiv: «skuleleiinga» (ikkje skolens ledelse), «kommuneplanen» (ikkje kommunens plan).

3. Preposisjonane «i» og «på»

Bruk «i» eller «på» for bøker, stader og geografi: «bodskapen i novella», «innbyggjarane i Noreg», «taket på huset».

4. Garpegenitiv («sin»)

Kan brukast om personar når det passar rytmisk: «Læraren sin bil», «forfattaren sin bodskap». Ver varsam med å overbruke det.

👑
Tips til lærere og elever

Vil du ha mer ordtrening, kryssord eller ordspill? Besøk Ordkongen.no for varierte språkoppgaver og hjernetrim.

Til Ordkongen.no →